02/22/2008

Vitjing heimefrå

46e6f2c74559728eaf272a533d6227f5.jpg

Onsdag kveld kom det heimefolk til gards. Gunnar Steinarson og Knut Arne Sigbjørnsson ynskja å ha ei helg i Oslo. Her på Frogner står me alltid klare med husrom og ein matbit.

I går kveld hadde me husmanns-kalas der me og baud inn Ragne Marie frå Holberg. Anders frå Telemark var og på vitjing hjå hans kjære Irene Terjesdottir. Og saman med Marit Oddsyvertsdottir, Stina Torsdottir og Marianne Oddeivindsdottir åt me mat som dei et i det sørlege Amerika. Kvelden vart vellukka avslutta med ein serie levande historiske bilete på kringkastingsapparatet.

I skrivande stund held husfolket på å vakna frå djup søvn. Og medan me snakkar om søvn... Slik går eg til ro kvar kveld:

e060808eb6356faf0eb4620950db6fbb.jpg

Comments

Åhh...eg åg vil vær der!

Posted by: Mona Hansdottir | 02/22/2008

The comments are closed.